Foto

Photo credits

Ann Kristins beste Vestlandstips

1. Eldoradoet Sandane

Sandane er ein liten tettstad innerst i Gloppefjorden. Sjølv om det er ein liten plass, er det mykje å finne på her. Rundt Gloppefjorden er det mange fjell, og her kan du finne fleire turar som passer for alle. Er du en av dei som liker fart og spenning på sykkelsetet så er Nordfjord Stisenter eit eldorado. Vandring i Trivselskogen med stopp på dagsturhytta på Draumekvila er også å anbefale. Dersom du ynskjer å slappe av i sentrum, kan du innta lunsj på Lauget eller sjekke ut Nordfjord folkemuseum for eit innblikk i regionen si historie. Vil absolutt anbefale å prøve ei overnatting i Tretopp-hyttene på Engeset. Her kan du våkne til panorama utsikt over Gloppefjorden og Sørstrandsfjella.

Utsikt fra tretopphytta

Foto

Jan Roger Engeseth

Utsikt fra tretopphytta

2. Værlandet-Bulandet på sykkel 

Vest for Askvoll ligg Værlandet og Bulandet, med hundrede vis av holmar og skjær. Her er merkverdige fjell, spesiell geologi, strender, svaberg, fargerike blomster og mengder med sjøfugl. Den beste måten å oppleve dette på er med sykkel. Turen startar fra Askvoll, ein 1-1,5 kjøyretur fra Førde. Parker bilen på ferjekaia og ta med sykkelen på ferja. Ferjeturen tar cirka ein time, og det er fint å nyte den fra dekk. Sjølve sykkelturen er om lag 10 kilometer kvar veg. Viss ein ynskjer og overnatte, er Værlandet Havhotell et umerket valg. Viss du ikkje har sykkel med, kan du leige på Joker på Værlandet.

Værlandet

Foto

Ann Kristin Vollstad

Værlandet

3. Vetvika

Ei av dei vestglade naturperlene våre er Vetvika, i Bremanger. Den lettvinte måten å komme dit er via sjøvegen, helst på en fin sommardag, men den store naturopplevinga får du ved å gå turen frå Svarstad på Bremingerlandet og over fjellet. Heile vegen både fram og attende, er godt merka. Merkepinnane står med 50 til 70 meters mellomsrom, og det er såleis mogeleg for ukjende å ta turen heilt på eiga hand. 

Har ein først teke turen ned i vika, er det også verd å ta turen ut til moloen på sørsida. Då går du også forbi den særeigne kyrkjegarden som ligg inngjerda på innmarka. Ein fin sommardag er det berre idyll å vitje Vetvika. Om du ikkje set for høge krav til sjøtemperatur har du ei sydlandskliknande badestrand å boltre deg på. Ein styggvêrsdag med regn og storm kan Vetvika vere skremmande, med storhavet som står rett inn i vika. Turen tar mellom seks og åtte timer tur retur, og det kan være greit å merke seg at det er dårlige mobilforhold i heile vikja.

 Vetvika

Foto

Ann Kristin Vollstad

Vetvika

4. Roadtrip på RV15 i Nordfjord

Den 2,5 timar lange strekninga frå Stryn i aust, mot Stad i vest er i seg sjølv ein naturattraksjon. Anten du jaktar barnevenlege aktivitetar, adrenalinkick, kroppsleg pleie eller unike mat- og kulturopplevingar – på Riksveg 15 ventar attraksjonane bak einkvar sving. Frå bilvindauget kan du nyte alt frå høge fjell og turkise fjordar, til vestkysten sin råskap med kritkvite strender og klipper som stuper hundrevis av meter rett ned i havet. Det er bare å velge og vrake mellom stopp langs vegen: Via Ferrata og Skåla i Loen, Rakssætra (årets «Instamoment»), Lodalen eller Briksdalen. Stadlandet med Erviksanden, og turen Rett Vest er også å anbefale. Ervika og Hoddevika er dessutan eldorado for surfere og solnedgangane i Ervika er fabelaktige. Rorbuopphald i Kalvåg og tur på Nordens høgaste sjøklippe, Hornelen, er også verd å få med seg.  

Solnedgang i Ervika

Foto

Ann Kristin Vollstad

Solnedgang i Ervika

5. Gode matopplevelsar på Knutholmen

Midt i det idylliske fiskeværet Kalvåg ligg Knutholmen. Med ramsalta kystkultur og ein lun atmosfære får du her servert nydeleg mat frå havet laga med ferske råvarer. Dei har fiskfelta berre eit steinkast utanfor, og dyktige kokkar som gjer sitt beste for å gi deg ei god smaksoppleving.