Foto

Torbjørn Krøvel

Turtips fra Torbjørn

Torbjørn jobbar som supervisor på Widerøe sitt IRR-senter. Det er han som sørger for å ta vare på alle passasjerar ved eventuelle irregularitetar i flytrafikken. Her finn du dei beste tipsa han har til Norgesferie!

1. Familietur på Urkeegga

30 minutt frå Ørsta/Volda Lufthamn, Hovden ligg Hjørundfjorden – perla blant fjordane i Noreg. Her er det bokstaveleg tala uendelege turmoglegheiter i alle kategoriar; frå dei enkle familieturane og til ekstremklatring. Urkeegga er ein flott dagstur for heile familien, og utsikta du får på denne turen er eineståande. Avslutt gjerne med ein lunsj på Hotel Union Øye.  

Urkeegga

Foto

Thorbjørn Krøvel

2. Klatremeistring i både fjell- og tretoppar

Via Ferrata Loen gir deg både ei god naturoppleving og kjensle av meistring. Klatrestien startar ved Hotel Alexandra i Loen, og leier deg til fjellet Hoven, 1011 meter over havet – inkludert ein spasertur over eit 160 meter høgt jøl! På toppen ligg gondolbana Loen Skylift som tek deg nedatt til utgangspunktet. Om ikkje Via Ferrata er noko for deg, så ligg Hydla klatrepark i Stryn kun ein halvtimes kjøretur unna, med aktivitetar for heile familien! 

Hydla klatrepark

Foto

Thorbjørn Krøvel

3. Restaurant Fugl Føniks

I Ørsta, hjartet av Sunnmørsalpane ligg Fugl Føniks. Her får du nydleg god mat, deilig kaffi og rause porsjonar. Ein fin oase i sentrum av tettstaden som er svært populær blant dei mange Widerøe-crewa som overnattar i Ørsta. Her er det lurt å bestille bord på førehand!

Fugl Føniks restaurant

Foto

Fugl Føniks restaurant

4. Overnatting blant tretoppane i Brummundal

Covid-19 situasjonen gjorde at familien i år valde ferie i Noreg. I Brummundal fann vi denne perla som vi brukte som base til diverse utflukter i området. Å overnatte i tretopphytte fall i smak for heile familien og var ei mektig naturoppleving!

Tretopphytte i Brummundal

Foto

Thorbjørn Krøvel

5. Fjellvandring i Tafjordfjella

Om du vil kombinere fjellvandring og historie, så er Tafjordfjella perfekt. Tafjord ligg cirka to timar frå Ålesund, og er eit ypperleg utgangspunkt for fjellvandring. Gå langs det oppdemte Zakarias-vatnet, innover fjellheimen og overnatt på ei av dei mange DNT-hyttene i området. Obligatorisk stopp på turen er Fieldfarehytta. Denne hytta var base for Fieldfare-gruppa under 2. verdskrig, leia av Joachim Rønneberg. 

Fieldfarehytta

Foto

Thorbjørn Krøvel